Onsdag 04. februar 2026
Onsdag
11
Februar
Nordhordland musikkteater inviterer til eit streiftog i natur og landskap i Nordhordland, og til eit møte med folk som bur der.
Framsyninga freistar å fortelje litt om Nordhordland og nordhordlendingen.
Dette skjer i tekst og tonar, laga av folk som på ulikt vis er knytte til distriktet vårt. Og dei som framfører dette, har det til felles at dei er herfrå, eller bur her.
Noko av stoffet som vert framført, er truleg godt kjent frå før. Noko er neppe kjent av så mange. Men ulike som innslaga er, bidreg dei til å fortelje same historia: historia om korleis det har vore, og er, å leve i Nordhordland.
Kl. 19:00, Nordbygda samfunnshus
Dar kjem dampen, men her kjem vi!
