-
Informasjon om teieplikt
Dette er retningslinene for korleis påbod om teieplikt vert handsama i Masfjorden frivilligsentral.
Om sentralen
Masfjorden Frivilligsentral vart etablert i januar 2023 og det vart tilsett frivilligkoordinator 3.mai 2023.I november 2023 opna vi Masfjorden frivilligsentral i det gamle legekontoret på Hosteland.
Frivilligsentralen disponerer kjøkken og tre andre rom. På frivilligsentralen har vi tilgjengeleg mykje nyttig kjøkken- utstyr som kaffitraktar, frys, oppvaskmaskin , kjøleskap m.m og vi har bord og stoler. Vi har og ein storskjerm på hjul som er tilkopla internett. Dette lokalet kan frivillige i Masfjorden låne til ulike aktivitetar ein har lyst å starte opp med.
Frivilligsentralen ønskje å vere knutepunktet mellom frivillige,- og lag og org og kommunen. Vi vil arbeide for å leggje til rette for gode vilkår for frivillig arbeid i kommunen. Frivilligsentralen ønskjer å danne fleire møteplassar for innbyggjarane rundt om i kommunen.
Frivilligkoordinator Kristin har kontor på kommunehuset på Sandnes. Ta kontakt med Kristin Kvamme Rasch om du ønskje å bidra som frivillig eller har ein god ide til aktivitet.
Kontortid 08.00-15.30. Er elles tilgjengeleg på e-post og telefon
Kristin.kvamme.rasch@masfjorden .kommune.no