Informasjon om teieplikt

Dette er retningslinene for korleis påbod om teieplikt vert handsama i Masfjorden frivilligsentral.

Personar som skal utføre oppdrag på vegne av Frivilligsentralen, må godtgjere at dei har gjort seg kjend med og forstått innhaldet i Frivilligsentralen si teiepliktserklæring, og erklære seg tilplikta til å fylgje denne.  Brot på teiepliktserklæringa kan kome inn under Straffelova, sjå §209 og §210.

Teieplikta omfattar, men er ikkje avgrensa til, informasjon om fysisk og psykisk helse, livssyn og religion, familieforhold og slektskap, utdanning, haldningar, arbeid og økonomiske forhold, fødestad, personnummer, statsborgarskap, yrke og bustadadresse.

Som eit overordna prinsipp skal medarbeidarar ikkje dele personrelatert informasjon med nokon utan at det har ein sakleg grunn, og kun til den/dei som har sakleg bruk for informasjonen. Er medarbeidar usikker på kven dette er, skal informasjonen gå via dagleg leiar.

Så langt mogleg skal personen informasjonen er knytt til, vere kjend med kva informasjon som vert delt, kva denne skal nyttast til og kven informasjonen vert delt med, og ha gitt samtykke til at informasjonen blir delt.

Teiepliktserklæring

Som medarbeidar i Masfjorden frivilligsentral forpliktar eg meg til

  • ikkje å bruke eller dele personleg informasjon eg er blitt kjend med som medarbeidar,
     ut over det som er naudsynt av omsyn til personen informasjonen handlar om,
  • så langt det er mogleg, sjå til at personen har fått høve til å gi samtykke i at informasjonen vert delt,
  • så langt det er mogleg, informere personen det gjeld om kva informasjon som er blitt delt, og kven informasjonen er blitt delt med.

Eg er kjend med, og aksepterer, at denne erklæringa er bindande for meg også etter at engasjementet mitt i Masfjorden frivilligsentral er avslutta.



2024 © Masfjorden Frivilligsentral