Flyktningfadder

Vil du vere flyktningfadder? Frivilligsentralen i Masfjorden vil sette i gong fadderordning for flyktingar i Masfjorden. Målet er å bidra til godt integreringsarbeid i kommunen, og hjelpe flyktningar med å finne seg til rette og bli ein del av lokalsamfunnet.

Frivilligsentralen i Masfjorden vil sette i gong fadderordning for flyktingar i Masfjorden.

Målet er å bidra til godt integreringsarbeid i kommunen, og hjelpe flyktningar med å finne seg til rette og bli ein del av lokalsamfunnet.  

Den frivillige flyktningfadderen vil bli satt saman med ein flyktning eller flyktningfamilie, og vil fungere som ei støtte for dei i tida etter innflytting. Vi forsøker å ta hensyn til interesser, alder, og kvar de bur.  


Oppdraget som frivillig flyktningfadder går ut på å vise dei rundt i nærområdet, introdusere dei for lokale aktivitetar, lag og organisasjonar,  samt dele av eigen kunnskap om norsk kultur og levesett. Døme på andre aktuelle aktivitar kan vere å invitere på besøk, gå tur saman,  eller hjelp med praktiske ting. Fadderordninga varer i utgangspunktet i fire månader, og vi avtaler med deg kor mykje tid du vil sette av.  


Ønskjer du å bli flyktningfadder eller har spørsmål?

Ta kontakt med 

Kristin Kvamme Rasch på mob 90 10 41 39 eller  

kristin.kvamme.rasch@masfjorden.kommune.no

2024 © Masfjorden Frivilligsentral